Høring

Forslag til forskrift om undersøkelse og utvinning av skjellsand, sand og grus i kystnære områder

Sendt: 1. juli 2022

Adressat: Olje- og energidepartementet

1 INNLEIING

Advokatforeningens tillitsvalte advokater utfører et omfattande frivillig og ulønna arbeid for å ivareta rettsstaten, rettssikkerheten og menneskerettane. En del av dette arbeidet består i å utarbeide høyringsbrev.

Advokatforeningens høyringsarbeid er organisert i 27 lovutvalg og 13 faste utval, oppdelt etter særskilte rettsområde og rettslege interesseområde. Om lag hundre høyringsbrev vart utarbeide av Advokatforeningens tillitsvalte advokater kvart år.

Alle våre høyringsbrev er forfatte av advokater med ekspertise innanfor det rettsområdet som lovforslaget gjelder. En ekspertise som ikkje er hente berre frå juridisk teori, men frå advokatanes praktiske erfaring med å hjelpa sine klientar – i den norske rettsstatens kvardag. Dette høyringsbrevet er skreve ut frå Advokatforeningens ønske om å bidra til gode lovgivningsprosesser, og gode lover.

2 BAKGRUNNEN FOR SAKA

Me viser til Olje- og energidepartementet si høyring av 1. april 2022 med høyringsfrist 1. juli 2022.

Høyringa gjeld forskrift om undersøking og utvinning av skjelsand, sand og grus i kystnære område.

Denne høyringa er i hovudsak utarbeida av Advokatforeningen sitt lovutvalg for fangst, fiskeri og havbruk. Lovutvalet består av Gerd Aaland Fagerli (leder), Tore Fjørtoft, Kenneth Mikkelsen, Erik Staurset Andresen og Ask Økland, som alle har lang erfaring og god kompetanse innanfor det aktuelle rettsområdet. Høyringa ble også førelagt lovutvalget for miljø, klima og bærekraft som ikkje hadde ytterlegare merknader.

3 KOMMENTARAR

3.1 Innleiing

Dei siste åra har interessa for bruk av sjøområde auka vesentleg. Dette gjeld òg nyare næringar, mellom anna vindturbinar til sjøs. Oppdrettsnæringa har òg auka vesentleg dei siste ti åra, og det er sannsynleg med ytterlegare auke. Mykje av den noverande oppdrettsverksemda i sjøen skjer i det geografiske verkeområde som forskrifta regulerer. Dette fører til fleire, og større arealkonfliktar. I lys av dette burde høyringsnotatet ha drøfta interessekonfliktane som kan oppstå mellom utvinning og t.d. oppdrett.

Det er ikkje oljeutvinning i farvatnet som er omfatta av forskrifta sitt geografiske verkeområde, men fleire kablar i samband med elektrifisering av oljeplattformer legg beslag på større areal i kystnære område no enn tidlegare. Det er heller ikkje utenkeleg at det kan bli bygd vindturbinar i areala forskrifta gjeld for. Det er difor viktig at forskrifta bidreg til å dempa eventuelle arealkonfliktar.

Advokatforeningen meiner at det bør vurderast om forskrifta bør stilla krav om at mogelege interessekonfliktar og miljøkonsekvensar alltid må konsekvensutgreiast før det blir gitt løyve til utvinning. I alle tilfelle bør det koma klarare fram av forskrifta kva interesseavvegingar fylkeskommunen pliktar å gjera før løyve eventuelt blir gitt. Som døme på ein slik regel i anna lovverk viser vi til akvakulturlova § 6, jf. § 16.

Dersom uttak vil ha store negative konsekvensar for eksisterande fiskeri og/eller oppdrett bør løyve ikkje gjevast.

Dersom uttak kan ha mindre negative verknadar for fiskeri eller oppdrettsnæringa, må det stillast krav i forskift eller vedtak, som hindrar eller motverkar negative konsekvensar. Ein kan t.d. tenkje seg krav om at uttak berre kan skje utanom fiskesesong. Vidare kan ei klar ansvarsføresegn kunne medverke til at tiltakshavaren tek grep for å unngå å bli ansvarleg.

Det er positivt at høyringsnotatet avklarar kva som skjer med retningslinjene frå 1993/94, etter at forskrifta trer i kraft. Vesentlege deler av forskrifta er ei vidareføring av retningslinjene. Advokatforeningen reknar derfor med at tidlegare praksis framleis kan vere relevant ved tolking av forskrifta.

I det føljande blir det gjeve merknadar til enkeltparagrafar i utkast til forskrift.

4 MERKNADAR TIL ENKELTE PARAGRAFAR

Til § 2

Paragrafen seier at «Denne forskriften gjelder undersøkelse og utvinning av forekomster av skjellsand, sand og grus i området fra marbakken og ut til én nautisk mil fra grunnlinjene rundt Fastlands-Norge, jf. havbunnsmineralloven kapittel 10».

Advokatforeningen forstår det slik at forskrifta skal gjelda til ei nautisk mil utanfor grunnlinjene. Havbotnminerallova nyttar òg same formulering.

Det bør presiserast at forskrifta gjeld til ei nautisk mil utanfor eller innanfor grunnlinjene.

Til § 3

Paragrafen lyder slik:

«Ingen andre enn staten kan drive undersøkelse etter og utvinning av forekomster av skjell-sand, sand og grus uten tillatelse eller godkjennelse etter denne forskriften.»

Når det gjeld utvinning bør staten behandlast likt som kommersielle/private aktørar. Dette kan medverke til at andre instansar som skal involverast blir involvert, og at omsyna søkandsprosedyrane skal ivareta, blir etterkome. Sjå §§ 4 og 5.

Det er ikkje gjort greie for kvifor staten skal kunne utvinna skjelsand, sand og grus utan å måtte søkja om løyve. (Det same gjeld for undersøkingar, men der er konsekvensane mindre for miljø, og andre interesser, enn for utvinning. Staten kan òg ha behov for kartlegging av vitskaplege årsaker.)

Forslaget vil gje staten eit vesentleg konkurransefortrinn. Advokatforeningen kan ikkje sjå kvifor staten skal har eit slikt fortrinn.

Til §§ 4 og 6 sakshandsamingsgebyr

Høyringsnotatet slår fast at dette ikkje skal vera fiskale avgifter, og at det ikkje er meininga at fylkeskommunen skal ha overskot av gebyra. Samstundes heiter det: «Samtidig vil fylkeskommunen kunne se hen til de tilsynsoppgaver det vil ha i den periode tillatelsen gjelder for og fastsette gebyrets størrelse i lys av dette.» Dette er vagt, og kan føra til ulike gebyr mellom fylka. Det vil vera ein føremon med presisering.

Til §§ 5 og 6 om tildeling av løyve

Som nemnt i innleiinga meiner Advokatforeningen at det bør koma fram av regelen kva fylkeskommunane må vektlegga i vurderinga av om løyve skal gjevast eller ikkje. I høyringsnotatet blir det vist til at lova sitt formål set rammer for kva omsyn fylkeskommunane kan vurdera, men etter Advokatforeningen sitt syn burde dette vært nedfelt tydlegare, og meir utførleg i tildelingsreglane. I høyringsnotatet blir det vist til ulike vilkår som er oppstilt i retningslinene frå 1993/1994, og kor praksis i stor grad skal vidareførast. Det kjem ikkje fram at det er eit vilkår at interessekonfliktar knytt til andre næringar som oppdrett og fiskeri skal vurderast. Innblanding av sandpartiklar i vassmassane i samband med utvinning kan t. d. ha konsekvensar for fisk i oppdrettsanlegg i nærleiken. Vidare kan utvinning gjera utslag på miljøundersøkingar ved og under oppdrettsanlegg. Slike miljøundersøkingar er obligatoriske for oppdrettsnæringa og medfører målingar av levande organismar på botn.

Til § 6 Søknad om tildeling av utvinningstillatelse

Søknadar bør òg innehalda vurderingar av verknadane for miljøet, og vurdering av mogelege arealkonfliktar med andre brukarar.

Til § 10 Oppryddingsplikt mv.

Paragrafen lyder slik: «Rettighetshaveren skal sørge for en forsvarlig opprydding mens arbeidene pågår og etter at disse er avsluttet, og gjennomføre de tiltak fylkeskommunen fastsetter om
opprydding og avslutning. Ved nedleggelse plikter rettighetshaveren å fjerne anlegget.»

Det er ein føremon om det blir fastsett kva som er «forsvarlig opprydding.»

Til § 12 Avgift

Ifølgje § 12 skal rettshavaren betale en avgift basert på årlig opptatt mengde. Avgiften fastsettes, innkreves og disponeres av fylkeskommunen".

Avgifta kan med fordel vera lik for heile landet.


                                             Vennlig hilsen

 

Jon Wessel-Aas                                                        Merete Smith
leder                                                                          generalsekretær